onsdag 2. november 2011

Tova vottar

For tida er det enklast for Oline å ty til strikking. Det ligg lagleg til ved godstolen når eg endeleg har tid til å sitje i ro.
Eg strikkar vottar,...vottar som skal tovast og bli til julegåver. Minst ei julegåve då, kjem an på kor mange eg får tid til å strikke.
Tråden eg brukar er Vamsegarn frå Rauma, og strikkar på pinnar nr 5. Når dei er ferdige, skal dei tovast i vaskemaskin, noko som eg ikkje har prøvd før.
Eg strikkar damestørrelse, så no gjenstår det å sjå om dei passar til damer etter tovinga!!

Oppskrifta legg eg ut her, for eg er verdensmester i å rote bort viktige ting! Er kanskje ikkje åleine om det?? Men så lenge bloggen virkar, så har eg vel ein sjanse til å finne den att!

Oppskrift:
Damevott, herrevott i parentes.
Legg opp 34 (40) m
Strikk 1 omg. vrangt.
Strikk rett 7 (9) cm.
Vreng og strikk rett 9 (11) cm.

Rett før tommel aukar ein ut slik:
Høgre vott: Str. 3 m. auk 1 m, str. 2 m, auk 1 m, str. omg ut.
Venstre vott: Str. til det er 5 m igjen på 4.p, auk 1 m, str. 2m, auk 1 m, str. dei 3 siste m.

Begge:
Fordel m. jevnt på pinnane.
Høgre tommel:
Str. 1 m på 1. p.
Venstre tommel: Str til det er 9 m igjen på omg.
Begge: sett 8 m på ein tråd og legg opp 8 nye m over holet.

Str vidare til votten dekker langfingeren eller måler ca 12 (14) cm frå tommelholet.

Felling:
1.omg: 1. og 3. pinne: str 1 m, ta 1 m laust av, str 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. pinne: Str. til det er 3 m igjen, str. 2 m sammen, str 1 m.
2. omg: Str uten felling
3. omg: Str som 1. omg.
4. omg: Str. som 2. omg.
Heretter felles det kvar omg til det er 8 m igjen, dra så tråden igjennom.

Tommel:
Ta m frå tråden over på p, str. opp 8 m frå undersida av tommelen og 1(2) m i kvar side, i alt 18 (20) m.
Str. til tommelen dekker fingeren eller måler 8 (9) cm.

Felling tommel:
1. omg: 1. og 3. p: ta 1 m laust av, str. 1 m og dra den lause m over. 2. og 4. p: str. dei 2 siste m sammen.
2. omg: Str uten felling
Heretter str som 1. omg og til det er 4 m igjen, dra så tråden igjennom.



søndag 2. oktober 2011

Wallenborg-kurs!

Denne helga har eg vore på eit utruleg lærerikt kurs med Andrè Wallenborg. Vi har sydd ei lommebok-veske. Ei kombiveske, lita nok til å være lommebok til å ha i veska, men også så stor at den kan brukast som selskapsveske.

Her er dei andre veskene som vart sydd på kurset.
Vart veldig fornøgd med veska mi, og no fekk eg brukt det fine stoffet som eg kjøpte i sommar. Passa perfekt til dette syns eg.
Fleire bilder frå kurset finn du på bloggen til quilteklubben vår, NLQ Photo.

onsdag 7. september 2011

3-dimensjonal hexagon

Så vart Oline ferdig med prosjektet sitt akkurat tidsnok. Ei nålepute med 3-dimensjonal hexagonblomster til pynt. Og resultatet vart ganske bra synest eg. 2 lag med blomster i ulik str lagt oppå kvarandre, kronblada vart stappa med litt fyllvatt.

Mønsteret til denne kjem frå eksotiske Hawaii! Der bur bloggaren Polka Dot Pineapple og ho har lagt ut mønster til både denne og mange andre fine småting. Så om du er lei regnet her heime, ta ein tur til HAWAII då!!!

tirsdag 6. september 2011

Oline jobber med hexagon!


Når mørket senkar seg, så er det tid for koselig arbeid i godstolen. No førebur eg noko som eg skal vise på møtet i quilteklubben vår. Kva det skal bli må forbli hemmelig litt til, men eg trur det skal bli veldig fint!

torsdag 7. juli 2011

Feriemodus....

Oline ferierer no. Endelig. Og det er tid til å reise bort frå regn og lavtrykk i kø. Og så langt har planen om å finne sommaren fungert flott. Har sett sola kvar dag sidan eg for heimanfrå og i skrivande stund skin sola enno,...lavt, stille og varmt ute, 19,4 gr. Som de ser må eg gjere på noko i ferien òg, og når ein så kryssar norskegrensa, så passar det flott å strikke på norske Flaggvottar! Så mens Oline er den levande GPS for sjåføren, så går det også unna med strikkinga på fine raske vegar!Er snart ferdig med første votten, men blir det for varmt, må nok ulltråden få vente litt!


tirsdag 28. juni 2011

Matblogg



Når Oline ikkje syr,......så et ho litt (vel,...når det er langt mellom innlegga, så pågår det ikkje matorgie altså!!). Både kjøpemat og egenprodusert!

Tidlegare hadde eg bloggen Julianns Tid der det var ein mix mellom mat, quilting og interiør. No saknar eg litt mine eigne oppskrifter og bilder av det eg har laga, så då vart det ryddigast å opprette ein eigen matblogg. Den har fått namnet Oline baker .


Det vil ta litt tid å få på plass alle dei gamle oppskriftene og bilda frå gamlebloggen, men litt nye kjem det vel etter kvart også. Om andre får nytte av det eg legg ut, vil tida vise, men det er alltid kjekt om de som er innom, vil legge att kommentarar.


Ang. kommentarar generelt: Har snakka med mange bloggarar om dette, og alle saknar meir kommentarar! Så vi må skjerpe oss alle, i bloggeverda som elles er det viktig å bli sett, og helsa på, så om ikkje meir enn eit par ord under kommentarar vil gjere at vi veit vi betyr noko for andre også!!

torsdag 23. juni 2011

Bryllupsteppet

Då er brudeparet (min eldste son) godt gifte og er i skrivande stund på bryllupsreise i det store quiltelandet USA. Men reknar med at dei ikkje ser ein einaste quilt der, berre kvarandre!

Dette teppet er ikkje i sengeteppestørrelse, men er eit koseteppe til sofaen for to, megaromantisk med hjerter i fleng! Både i teknikk og i quiltemønster.Som vanleg jobbar Oline best under press, og typisk meg så jobbar eg med det eg skal gje bort heilt til siste nikk. Dagen før bryllaupet vart quilten ferdig! Det som gjorde at eg vart så sein kom av to ting:



  • Fleeceteppet eg hadde kjøpt til baksida ,viste seg å være 10 cm for kort då eg skulle til å quilte!

  • Eg hadde tenkt å quilte berre i saumane, men kom etter kvart til at det vart mykje finare med tett quilting. Då var det å leite etter eit passande fleeceteppe igjen! Valet fall på eit frå Kid, og det var nok skjebnen det! For då eg skulle legge toppen på fleeceteppet, vart eg nesten nervøs, var det for kort igjen?? For målet var oppgitt med dei "holete" endane. Berre få cm med glatt fleece viste på begge endane. Kva om fleecen drog seg ved quiltinga så hola vart på baksida??

Etter kvart såg eg at dette kom til å passe bra, og det var berre å klippe av blondekanten etter ferdig quilting. Blondekanten ja,....... den var då egentleg fin, men blondekant på ein quilt?? Det hadde eg aldri sett før,..... kunne det gå an?


Men sidan dette skulle vere romantikk de luxe, så kom eg til at blondekanten skulle vere med, og det er eg no glad for. Synest det vart veldig fint og at det passa flott til teknikken og framheva symbolikken i det heile.




Teppet vart quilta tett med hundrevis av hjerter!


Denne teknikken var kjekk å sy, så det spørst om eg må lage eit liknande til meg sjølv òg ein dag!

fredag 3. juni 2011

Hjerteteppet i Buggy Barn teknikk

Det ser ut til at Oline kjem i mål med teppet, no er toppen klar og quiltinga er begynt. Baksida er eit fleeceteppe fordi dette skal bli eit koseteppe for to nygifte. Så om det blir kjølig ut på kvelden på pinsafta, ja så er det berre å krype under eit varmt og godt teppe.
Det kjem bilde når det er heilt ferdig!

søndag 22. mai 2011

Buggy Barn blokker

Då er produksjonen av blokkene i sving, om enn litt sakte då, og litt etter skjemaet. Men det er typisk Oline at eg jobber best under press, no er det berre 3 v til det skal være ferdig. Er no ferdig med 10 av 20 blokker, så no ser det lysare ut!!

Korleis dei skal setjast sammen bestemmer eg når alle er ferdigsydde. Det er det visuelle som tel, det skal være god balanse mellom fargane og like stoff i blokkene må ikkje være naboar. Då blir det krangel!!


søndag 17. april 2011

Buggy-Barn-hjerter

Olines plan er i gang, omsider. Planen har eg jobba med og sove på i minst 4 mnd no, og det begynner å haste litt! For planen er å få til eit fint koseteppe til å gi bort før sommaren starter!
Har ikkje mønster til denne blokka, men den er enkel i designet og Buggy Barn-teknikken lærte eg på eit kurs i quilteklubben vår hausten 2010. Her finn du innlegget om dette kurset.
Kor stort teppet skal bli, anar eg ikkje. Først skal eg sy blokkene, deretter lage breie rammer rundt kvar blokk, og så får eg sjå korleis det passar med størrelsen og måla på blokkene. Følg med, skal love å blogge når det er meir å sjå!


Oline

fredag 1. april 2011

Handquilting

Oline jobber med saken,.... hadde innlegg om dette teppet 27.2.11, men er nok ikkje ferdig enno. Men mine planer er omfattande, mykje handarbeid på kvar blokk. Det er kjekt å quilte med hand, aller kjekkast når det ikkje er beine linjer, for då må Oline være veldig pirkete!! Det går likevel framover med lappane, har berre 6 igjen før eg kan ta til med samansyinga,.....for hand!!

torsdag 24. mars 2011

Nåletui

Då har eg endeleg fått laga meg noko etterlengta! Eit nåleetui til symaskinnålene mine! Motivet til blomsten har eg funne på nettet ein stad, der var det brukt som dekor på eggevarmarar.
Dette er eige design og er tilpassa størrelsen på dei små nåleøskjene.

Eg har brukt tjukk plast til lommene, då er det enkelt å ha oversikt.

søndag 27. februar 2011

UFO-arbeid!


Ein stor UFO har innteke stovegolvet mitt. Det er mange år sidan eg starta på dette som skal bli eit teppe. Det starta berre med nokre lappar som skulle bli eit teppe av ein eller annan størrelse, men dette var lappar som tok tid til tross for enkelt design. Ideen er henta frå eit Quiltemagasin, truleg for 4-5 år sidan.

Blokkene vrangsyr eg med bomullsvatt inni, og inni kvar rute er det handquilta ulike mønster. Det vil nok gå både dagar og veker før denne ufoen vert ferdig, for etter at eg har quilta ferdig, så skal eg sy dei saman for hand. Men då er også teppet ferdig, for alle lappane har ferdig bakside.

torsdag 3. februar 2011

Veskesying!

Det er lenge sidan siste innlegg no, men Oline syr litt likevel. I januar sydde eg denne veska til mor mi. Ei veske som kan vere både handleveske og fin nok til å være "gå-bort-veske".

Ei Coop-reklame kan nyttast til mangt,......... mønsteret har eg laga etter inspirasjon frå bloggen til Lise.

Det kraftige veskestoffet har eg kjøpt på Ikea i Gøteborg.