søndag 14. juli 2013

Mormors lille søte!

Vår vesle Emma Leigh vert snart 9 mnd og er like god som ho ser ut på bildet. Ho kosar seg her på garden i vårt restaurerte "gamlehus", med mormor og morfar i eitt hus og oldemora i eit anna. Ute i hagen ser ho på kattar som spring rundt og i mormors hage går det to brune høner og trippar rundt heilt til kvelden kjem. Mykje spennande å sjå på for eit veksande lite vesen!

Bildet har mor teke, skrive det ut på vanlig skrivar. Eg hadde ei "titteramme" i sølv liggjande som eg såg eg kunne bruke til bildet. Trekte ei papplate med svart lerret og limte på bildet! Vips så vart det så fint at ei slik ramme ønsker Emmas mor seg også, ..... noko liknande finst på Ikea trur eg!