lørdag 25. januar 2014

Barnevottar

Det er kaldt no i januar, frå nokre få plussgrader til litt under minus. Men kald vind frå aust gjer at det kjennest veldig kaldt når ein er mykje ute.
Vesle Emma er no 15 mnd og er byrja i barnehage og treng gode og varme vottar. Eg jobbar sjølv i ein annan barnehage, og eg har erfart at små hender har det best i heimestrikka vottar, enten tova eller strikka med to trådar. Då held dei seg varme og dei får god gripeevne.
No held eg på med vottar i eit enkelt mønster. Skal prøve å forklare oppskrifta her, har laga den sjølv inspirert av nokre vottar som eg har sett.

Tråd eg har brukt er Sporty kjøpt på Nille.

Mønster:
Legg  opp 32 m på pinner nr 2,5.

Strikk brotet med 2 rette og 2 vrange ca 20 omg.
Skift til pinner nr 3,5, strikk 1 omg rettstrikk.

Mønster:
Det er same mønster på begge sidene, mønsteret går over 15 m, dvs 5 ruter. I kvar side er det strikka ei stripe over 3 m, sjå bilde. Stripa er strikka  med 3 m lilla eine omg og 1lilla, 1 kvit og 1 lilla den andre omg.


Mønsteret er så enkelt å sjå på bildet at eg ikkje forklarer det nærare.

Strikk 3 rapportar med mønster, sett 6 m på ein tråd til tommel og legg opp 6 nye bak desse.
Fortsett med mønster 3 rapportar til før du byrjar med felling. Fell på kvar side av sidestripa, dvs 4 m pr omg.  Strikk 1 omg. Fell neste omg og strikk 1 omg. No byrjar du å felle på kvar omg til  du har att max 8 m, då dreg du tråden igjennom maskene og du er ferdig!

Tommel:
Plukk opp 14 m og strikk ca 8 omg med enkel trå, fell slik: strikk to m sammen på kvar pinne, strikk 1 omg, strikk to m sammen på kvar pinne og dra så tråden igjennom maskene du har att. Ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar